Oddny
Detta blir rått!
Med låtar som «Oktober, Bergen by», «Bittelitt» og «Alma» har Oddny for lengst plassert seg som eit vestnorsk unikum i norsk musikkliv. Radiosuksess, utselde konsertar og ei fanskare som berre veks – og jammen stakk dei òg av med Luttprisen 2024 som Årets nykommar. I 2025 stod prisane vidare i kø, då både Norsk Viseforum sitt Artiststipend og Frank Hammersland-minnefond landa i fanget deira. Det seier sitt: Oddny treff folk midt i bringa.
Med sin heilt eigne og særs gjenkjennelege signatur, miksar dei alternativ poprock med dialekttekstar fullada av nerve og nærleik. På scena har dei blitt eit av dei mest snakkis-skapande livebanda i landet, og året 2025 tok dei med storm. Festival etter festival, og frå små og store scenar i både Noreg og Sverige. Utselt på Kulturhuset i Bergen. Utselt på Parkteatret. Og då dei spela på by:Larm i 2025, kasta Gaffa ein klinkande seksar og kalla konserten «grandios».
Bandet held til i Gamlahuset i Bremanger – eit slags musikalsk kollektiv der dei i periodar bur, jobbar, skriv og speler inn låtane sine, med trommis og produsent Oliver Igland som trygg hand på spakane. Det er ute i havgapet magien skjer.
Oddny kjem til oss i full framdrift – dei er utkvilte, bevepna med ferske plekter og har planane klare. Låtar som går rett inn utan å banka på. Bandet er i medvind, og me gler oss stort til å sleppa dei laus på Bygdalarm sin hovudscene i 2026!