Littlarm 2026: Protestviser!
Frå Blowing in the wind til Bella Ciao
Protestviser som sjanger kan seiast å ha sitt opphav i USA. På 1960-talet gjorde artistar som Bob Dylan og Jon Baez sjangeren verdskjend. Desse stod på skuldrane til songarar frå borgarrettsrørsla og arbeidarrørsla som til dømes Billie Holliday og Woody Guthrie.
Den har sterke tradisjonar verda over, som chilenske Victor Jara eller den kjende italienske kampsongen Bella ciao. Protest-sjangeren har hatt sine opp- og nedturar sidan. No er tida atter inne for heve knyttneven og plukke opp att kassegitaren. I samarbeid med LO og Bygdalarm inviterer Kvam mållag til ei ny runde med Littlarm og gjendiktar-tevling.
Du vert utfordra til å gjendikte utanlandske protestsangar til dialekt eller nynorsk. Lat deg inspirera av best of-lister og platesamlinga til foreldra eller besteforeldra dine, la den ikkje-kunstige intelligensen kitla hjernetrådane og trommehinna. Dersom songen ikkje er ein openberr representant for sjangeren ber me innsendaren om å gjere kort greie for kvifor dette er ei protestvise. Ein jury går gjennom dei innsendte gjendiktingane og dei tre beste vert framførte av
Littlarm sitt handplukka protestviseband laurdag 4. juli i det nydelege Kulturnaustet på Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund.
Frist for innsendt bidrag er 22. mai. Send di gjendikting saman med originalteksten til littlarm@bygdalarm.no
Reglar:
Teksten skal vera nynorsk-basert eller på dialekt. Dersom han er på dialekt, set me pris på at dette er gjort mest mogleg gjennomført. Legg gjerne ved forklaringar.
Deltakarane får stor fridom. Bokstavtru omsetjing vil ikkje naudsynlegvis vert premiert. Det viktigaste er enten å fange opp stemninga og bodskapen i teksten, eller kanskje gje ein heilt ny vri og gjerne tilpassa norsk samtid.
Minst like mykje vekt vert lagd på at verselengder og rytmer er intakt, at flyten vert god, slik at sangen kan framførast nokolunde likt med orginalen.
Her er det songen som tel, ikkje tekstforfattarane, så slå deg laus, velg og vrak! Me kjem likevel til å ta nokre atterhald om kva som kan definerast som protestvise, så viss du føler du treng forsvara valet ditt, så skriv gjerne nokre linjer om du er redd det ikkje er opplagt kvifor du valde nett den songen
Ein jury sett saman av forfattarar, musikarar og representantar frå arrangørane kårar ein vinnar og to delte andreplassar (basert på anonymisert lesing av bidraga) – dei tre vinnarlåtane vert alle framførte.
Ein har lov å levera maks 2 bidrag pr person.
Legg ved namn og kontaktinformasjon og originaltekst.
Premiar: LittLarm er ei uhøgtideleg tevling, fyrst halden i 2010, som skal vera driven av kreativ glede, ikkje gjeve premiar. I tillegg til å få gjendiktinga framført av husbandet, vil vinnaren av konkurransa få både heider og ære sovel eit dagspass til Bygdalarm.