littlarm 2026

Bilde av kvam mållag

LittLarm 2026: Protestviser

Kulturnaustet, Hardanger Fartøyvernsenter laurdag 4. juli kl 15.

Frå Blowing in the wind til Bella Ciao Protestviser som sjanger kan seiast å ha sitt opphav i USA. På 1960-talet gjorde artistar som Bob Dylan og Jon Baez sjangeren verdskjend. Desse stod på skuldrane til songarar frå borgarrettsrørsla og arbeidarrørsla som til dømes Billie Holliday og Woody Guthrie.

Den har sterke tradisjonar verda over, som chilenske Victor Jara eller den kjende italienske kampsongen Bella ciao. Protest-sjangeren har hatt sine opp- og nedturar sidan. No er tida atter inne for heve knyttneven og plukke opp att kassegitaren. I samarbeid med LO og Bygdalarm inviterer Kvam mållag til ei ny runde med Littlarm og gjendiktar-tevling.

Ein jury går gjennom dei innsendte gjendiktingane og dei tre beste vert framførte av

Littlarm sitt handplukka protestviseband laurdag 4. juli i det nydelege Kulturnaustet på Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund.

LittLarm er ei uhøgtideleg tevling, fyrst halden i 2010, som skal vera driven av kreativ glede, ikkje gjeve premiar. I tillegg til å få gjendiktinga framført av husbandet, vil vinnaren av konkurransa få både heider og ære, sovel eit dagspass til Bygdalarm.

Sjå her for reglar og informasjon om sjølve tevlinga!