Honningbarna
Honningbarna er bandet som får både publikum, kritikarar og golvet framfor scena til å gi seg ende over. Dei har lenge vore omtala som landets råaste liveband, og no har dei attpåtil sluppe eit album som allereie blir kalla eit av årets aller beste.
Gjengen frå Sørlandet har vore ei av dei kreftene som har innverka mest i skandinavisk rock i ei årrekkje. Med kvar einaste utgjeving og konsert har dei både styrkt og løfta posisjonen sin, og dei siste åra har vore eit massivt bevis på kva som skjer når eit band jobbar kompromisslaust og knallhardt.
I 2022 kom Animorphs, eit album som fekk kritikarane til å gå heilt i spinn. Omtalt som både «eit meisterverk» og «ei av dei beste punkplatene som er lagde i dette landet», og belønna med både Spellemann og Edvard-prisen. I år tok dei steget vidare med Soft Spot, album nummer sju, som har fått terningkast og superlativar som overgår sjølv parademarsjen frå førre utgjeving. «Eitt av årets beste album», «gnistrande», «deres hittil beste verk» og «kvaliteten er heilt heidundrande vill» – bandet leverer på eit nivå som knapt andre rører.
Samtidig som dei har utvikla og utfordra uttrykket sitt i studio, har stadig fleire søkt seg til den verkjelege Honningbarna-arenaen: konsertane. Kaotiske, uforutsigbare og fullstendig hengivne augneblink, der bandet og publikum driv kvarandre framover gjennom eit felles løp av energi og råskap. Det har gjeve dei ein heilt unik status som liveband, med P3 Gull sin pris for «årets live», fulle hus over heile landet og omtalar som får ein til å måpe. Bergens Tidende melde «den beste konserten eg har vore på i mitt liv», medan Gaffa like greitt kåra dei til «kongane av Noreg».
Honningbarna kjem ikkje for å be om lov når dei kjem for å blåse turrhøyet av hesene med si forrykande liveopptreden. Og me er heilt klar for da!