Embla and the karidotters

Giddy up, bygdafolk!


Embla and the Karidotters kjem til Bygdalarm med twang, tårer og tåspiss-line dance rett frå den skeive outlaw-countryhimmelen. Her snakkar me moderne cuntry med hjarta i Nashville og støvlane planta godt i vestlandsk gjørma — ein plass mellom Willie Nelson og Shania Twain, med masse humor, varme og fandenivoldsk energi.

Bandet er prosjektet til Razika-trommis Embla Karidotter, som etter Razika samla eit stjernelag av “Karidotters” frå band som Slomosa, Honningbarna, Sløtface og Aiming for Enrike. Resultatet? Eit countryband som både sparkar frå seg og tek deg rett i hjarterota.

Debutalbumet Hello, I’m Embla sikra Spellemann for beste countryalbum, medan oppfølgaren Off Leash sende gjengen vidare ut i verda med nye nominasjonar, festivalar og fulle konsertlokale på slep. Dei siste åra har dei turnert tettare enn sild i tønna gjennom Noreg og vidare til festivalar som SXSW, Stagecoach Festival og SPOT Festival.

På scena leverer Embla and the Karidotters country med fullt trøkk, mørk humor og store kjensler. Du kjem til å le, kanskje fella ei tåra — og mest sannsynleg enda opp i line dance før kvelden er over.