Bare Andy

Bare Andy til Bygdalarm 2026! 

Bare Andy lagar jordnær countrypop med tekstar du kjenner deg att i, ein solid dose bygderomantikk og ein sjarm som treff rett i hjarta. Dette er låtar som funkar like godt på bygdefest som på byscena – enkle å like, lette å synge med på, og fulle av liv.

Med fleire låtar som har gjort det skarpt på sosiale medium, og spelejobbar på scenar som mellom anna Countryfestivalen i Seljord, har Bare Andy allereie byrja å byggje seg eit skikkeleg publikum. No ventar ein travel festivalsommar.

Bare Andy er vinnar av Vestlandssatsinga 2026. Den sjarmerande countrypop-artisten har allereie markert seg som eit namn å følgje med på, og i sommar legg han ut på festivalturné langs heile Vestlandet gjennom 100 Dagar-samarbeidet.

Bare Andy har det som skal til for å bli ein skikkeleg festivalfavoritt. Han skriv låtar som festar seg, og møter publikum med både sjarm og energi. Når festivalane samlar seg om han som årets vinnar, seier det mykje om kva kvalitet som ligg i det han gjer. Dette er ein artist som kjem til å skape gode festivalminne rundt om på Vestlandet i sommar.