Toget til Badnalarm !

TOGET TIL BADNALARM kl 11 , laurdag 4. juli på hovudscena! Arrangementet er gratis!

Alle om bord!

Når Toget tøffar inn på Badnalarm, er det berre å spenna fast dansefoten og bli med på tur. Denna trioen serverer fengjande gitarmusikk, kjende barnesongar i ny drakt og musikalske skattar du kanskje ikkje visste fanst.

Med gitar, banjo, bass og trommer tek Toget både små og store passasjerar med på ei reise gjennom kjende og ukjende musikalske landskap. Her vert det rom for både allsang, klapping, knipsing og dansing – og kanskje nokre nye favorittlåtar på vegen.

Bak Toget finn me tre erfarne musikarar som har spela saman i ulike samanhengar gjennom mange år. Med debutalbumet «Toget går» har dei fylt bagasjevogna med både nye låtar og kjende barnesongar i friske arrangement som inviterer publikum med inn i musikken.

Dette er konserten for dei minste festivalgjengarane – og for dei vaksne som framleis likar å synga høgt, dansa fritt og oppdaga nye musikalske spor.

Velkomen om bord på Toget!


Neste
Neste

Side Brok