CHEKK og Girson Dias!

Chekk og Girson Dias erstattar Bygdetrapen som må kasta inn handkle pga sjukdom!

CHEKK leverer mjuk R&B med nerve, sjel og akkurat passe mykje swagger. Bergensartisten har på kort tid gjort seg bemerka med eit lydbilete som sømlaust blandar R&B, hiphop og pop, inspirert av artistar som Brent Faiyaz, PARTYNEXTDOOR og Tory Lanez – men med eit uttrykk som er heilt hans eige.

Han har samarbeidd med namn som Angelo Reira, Dårlig Vane, Martin Hazy, 2J og Macho, og har levert låtar som «Badman», «Ingen Hemmelighet» og fjorårets sommarfavoritt «For Evig». EP-en Synspunkt viser ein artist som tør å vere både sårbar og sjølvsikker på same tid, og som skriv låtar det er lett å kjenne seg att i.

Den ferske singelen «kBd¿?» tek oss med inn i dei stundene der ingenting heilt gir meining. Når alt kjennest litt skeivt, og det einaste spørsmålet som står att er: «Ka betyr det eigentleg?»

CHEKK er ein artist på full fart oppover – og me gler oss til å sjå kva som skjer når han tek med seg dei silkemyke tonane til fjord, fonn og fenalår.



Neste
Neste

Toget til Badnalarm !