Side Brok
Det er 25 år sidan Side Brok såg dagens lys. Ein heil generasjon med rim, rytme og rå sunnmørsk sjølvtillit. Og ja – det er 12 år sidan sist albumet «H.O.V.D.E.B.Y.G.D.A.» traff verda.
No er dei tilbake – òg denne gongen saman med godven og favorittbonde Sirkel Sag. Resultatet? «All verda», eit fellesalbum (eller dobbel-EP om du vil): fem låtar frå Side Brok, fem frå Sirkel Sag og skal sleppast 29. august.
Side Brok er framleis Side Brok. Humor og alvor, ironi og inderlegdom – ofte i same linje. Tung, samplebasert hiphop med originale og uventa vendingar, slik berre dei kan gjere det. Sirkel Sag dreg det vidare inn i folk, country og blues, med levande instrument og gjestar som set sitt preg på lydbiletet.
Bak maskiner og arrangement står beatmakar Olav R. Øyehaug og Runar Gudnason – eit tett og solid samarbeid. (Og slapp av: Skatebård og resten av gjengen er framleis med)
Plata har med seg sterke røyster: Stein Torleif Bjella, Joddski og Egil Olsen.
Litt historie må med: Side Brok starta i 2000. Debut-EP i 2002. «Høge brelle» i 2004 – Årets urørt, by:Larm-kaos og Spellemann-nominasjon. Sidan har det gått i album, EP-ar, mixtapes og turnéar, av og på – slik det skal vera.
«All verda» er den femte utgivinga frå Side Brok-leiren. Ho kjem på vinyl òg – litt etter sleppet, slik ekte plater fortener.
Olav R. Øyehaug, bergensbasert ørsting, forfattar og filmkomponist, har vore med før – både i «PinaD»-mixtapane og med beat til Sirkel Sag si «Ørsta rådhus».
25 år inne. Framleis svoltne. Framleis heilt Side Brok.
Og da lika me!