Olivia Lobato til Bygdalarm !
Olivia Lobato er ikkje berre ei stemme – ho er eit fenomen. I dag vert ho rekna som ein av dei aller sterkaste popartistane i Sverige, og ho har for lengst sunge seg rett inn på hitlistene både her heime og hjå naboane våre.
Det heile starta på jenterommet. Eit piano. Nokre coverlåtar. Deling på sosiale medium. Eit lite TikTok-klipp som trefte nerve – og plutseleg var gneista tent. Det som byrja i det små, utvikla seg til ei kometkarriere.
Fire år seinare har «Syrener» passert over 50 millionar strøymingar. Låta vart kåra til Årets TikTok-låt i 2022, gjekk til platina både i Sverige og Noreg – og sikra henne ei P3 Guld-nominasjon for Årets Låt i 2023.
I 2025 kom debutalbumet mange hadde venta på. Det vart raskt hylla for ei uimotståeleg og løftande popsignatur – ekte, nært og fullt av kraft. Sidan har Lobato stått på scener over heile Sverige og Noreg og vist at dette berre er byrjinga.
Og ho stoppa ikkje der. Kort tid etter albumet kom «Ekko», eit samarbeid med GOLF, som gjekk rett inn på fyrsteplass på Spotify si toppliste i Noreg.
Olivia Lobato er her – og ho er langt frå ferdig.