Bare Andy til Bygdalarm!

Bare Andy er vinnar av Vestlandssatsinga 2026!

Den sjarmerande countrypop-artisten har allereie markert seg som eit namn å følgje med på, og i sommar legg han ut på ein festivalturné langs heile Vestlandet gjennom 100 Dagar-samarbeidet.

Bare Andy lagar jordnær countrypop med relaterbare tekstar, bygderomantikk og høg sjarmfaktor – låtar som treff like godt i byen som på bygda. Med fleire låtar som har gjort det sterkt på sosiale medium, og spelejobbar på scenar som mellom anna Countryfestivalen i Seljord, har han allereie bygd seg eit publikum. No ventar ein travel festivalsommar.

Som vinnar av Vestlandssatsinga får Bare Andy spele på ei rekkje festivalar på Vestlandet sommaren 2026.

– Bare Andy har alt som skal til for å bli ein festivalfavoritt. Han skriv låtar som festar seg, og har ein sjarm og energi som fungerer svært godt live. At festivalane samlar seg om han som årets vinnar seier mykje om kvaliteten han representerer. Me er sikre på at han kjem til å skape mange gode festivalminner i sommar.

Vestlandssatsinga vart lansert i 2013. Festivalane i 100 Dagar-nettverket såg at dei gjennom det tette samarbeidet kunne løfte fram ein artist som utmerka seg spesielt, og gi vedkomande ein skikkeleg festivalturné på Vestlandet. Gjennom satsinga får ein artist tilbod om fleire honorerte festivaljobbar den same sommaren. Målet er å bidra til å byggje erfaring, publikum og CV for unge og lovande artistar frå regionen.

100 Dagar er ei stifting oppretta av festivalane som deltek i samarbeidet. Målet er å styrkje kompetansen blant festivalarrangørar og samtidig bygge opp sterke liveartistar frå Vestlandet. Styret består av representantar frå festivalane og musikkorganisasjonane BRAK (Vestland) og STAR (Rogaland).

Neste
Neste

Littlarm 2026: Protestviser!