Vinnar av littlarm!

Verda går til helvete, det er på tide å heva knyttneven! Omtrent slik gjekk Littlarm-nemnda ut og oppmoda profesjonelle som amatører til å gjera dette med penn og gitar i hand. Årets oppdrag: gjendikta ein protestsong.

Det kom inn 34 engasjerte bidrag – frå Public Enemy til Victor Jara til Dead Kennedys til Billie Holiday, sjølvsagt minst tre ulike Bob Dylan-versjonar og overraskande nok ingen Woody Guthrie.

Det er ei stor glede å meddela at Hallvard Birkeland er årets vinnar med sin politiske appell, Det er framleis mange som lever

Juryen og juryleiar Synneva Gjelland si grunngjeving:

Årets vinnar har teke ein kjent låt, Eve of Destruction av P. F. Sloan, og aktualisert låta som omhandlar krigsmotstand og overført det til krigen mot Palestina. Me som står på avstand har ikkje alltid så mykje me kan gjera, anna enn å snakka om det og samlast for å seie ifrå, og det oppstår fort ei avmaktskjensle eller ein desperasjon i møte med verdas leiarar som enten ikkje hindrar dette, og til og med er ansvarlege eller vil det. Noko av det beste med protestsjangeren er at ein tek knallharde tema, tunge og deprimerande, og når ein syng om dei blir det ei slags kollektiv terapi, at det oppstår eit rom for å snakka om og temaet på ein annan måte.

Gjendiktinga er gjort med kreativ vri frå fyrste linja «Heng verda lenger saman? Søv du om natta? No er det blitt så gale, eg blir protestsongforfattar». Teksten er god og syngbar og flyt godt til melodien. Aktualiseringa av teksten er godt gjennomført. Den har teke vare på nerven frå originalen, men fornya og forsterka den med denne oppdaterte versjonen. Linja refrenget sluttar med «Er ord som folkemord rett? Det er framleis mange som lever» set debatten om ord og språk her heime på spissen, og famnar med to setningar både det botnlaust tragiske som skjer og kritiserar det overfladiske forholdet til tragedien som kommentatorar, politikarar – enkelte i «prateklassen» har. Det er smart gjort. Originalteksten har klart bodskap og eit omkvede som er lett å synga med på, som omsetjaren har teke godt vare på, og det er eit godt teikn for ei solid protestvise. Kudos skal forfattar og ha for å bruka nynorsken godt her og me vil gjerne synga med på refrenget «omatt og omatt og omatt».

For meir info, kontakt Brit Aksnes tlf. 980 56 274.

SJØLVASTE VINNAREN! 


Det er framleis mange som lever (Eve of Destruction)
- omsett av Hallvard Birkeland 


Heng verda lenger saman? Søv du om natta?

No er det blitt så gale, eg blir protestsongforfattar

Mot maktkåte og valdelege psykopatar

Nei verda er'kje lenger ein plass for diplomatar

Kor mange ungar har dei drepe no i Gaza?


Lell, så spør du meg omatt og omatt og omatt igjen, min ven

'Er ord som folkemord rett? Det er framleis mange som lever?'


Du har nok høyrt det sagt av ein gudeleg mann:

'Eit land utan folk til eit folk utan land'

Ei løgn som måtte ende i mord og i brann

mot eit folk som ikkje fanst, og snart alle granneland

Evig bombing og granatregn i bøtter og i spann!


Og lell, så spør du meg omatt og omatt og omatt igjen, min ven

'Er ord som folkemord rett? Det er framleis mange som lever?'


Men verda blir meir skrudd for kvar time som går

Eg kjenner blodet fryse, i magen veks eit sår

Bustadhus, skular, ja sjukehus òg

Alt skal knusast, knapt nok mat å få

Om natta bombar droner telt som knapt står


Og lell, så spør du meg omatt og omatt og omatt igjen, min ven

'Er ord som folkemord rett? Det er framleis mange som lever?'


Ein skvaldrande trompetmann trugar med å sprenge

sivilisasjonar til helvete og lenger

Ein psykopat er einaste som inn i øyro trenger

Han er ettersøkt for brotsverk og triksing med penger

Dei spreier krig og jævelskap lenger og lenger

Eit grannelag i kaos, der ingen er vener

Kven som helst er terrorist som dei kan likvidere

Og demokratiske Europa vil knapt nok protestere

og aldri vil dei jævelen arrestere

Eg orker ikkje meir, blodet koagulerer


Lell, så spør du meg omatt og omatt og omatt og omatt igjen, min ven

'Er ord som folkemord rett? Det er framleis mange som lever?'

'Er ord som folkemord rett? Det er framleis mange som lever?'




Original tekst og melodi: Eve of Destruction  P.F. Sloan


The Eastern world, it is explodin'

Violence flarin', bullets loadin'

You're old enough to kill but not for votin'

You don't believe in war, but what's that gun you're totin'?

And even the Jordan river has bodies floatin'


But you tell me over and over and over again my friend

Ah, you don't believe we're on the eve of destruction


Don't you understand what I'm trying to say?

Can't you feel the fear that I'm feeling today?

If the button is pushed, there's no running away

There'll be no one to save with the world in a grave

Take a look around you boy, it's bound to scare you, boy


But you tell me over and over and over again, my friend

Ah, you don't believe we're on the eve of destruction


Yeah, my blood's so mad, feels like coagulatin'

I'm sittin' here just contemplatin'

I can't twist the truth, it knows no regulation

Handful of Senators don't pass legislation

And marches alone can't bring integration

When human respect is disintegratin'

This whole crazy world is just too frustratin'


And you tell me over and over and over again my friend

Ah, you don't believe we're on the eve of destruction


Think of all the hate there is in Red China

Then take a look around to Selma, Alabama

Ah, you may leave here for four days in space

But when you return, it's the same old place

The poundin' of the drums, the pride and disgrace

You can bury your dead but don't leave a trace

Hate your next door neighbor but don't forget to say grace


And you tell me over and over and over and over again my friend

You don't believe we're on the eve of destruction

You don't believe we're on the eve of destruction



Neste
Neste

CHEKK og Girson Dias!