Frå Lesja til Oslo Spektrum – og no er det jaggu meg Hardanger som står for tur! 🔥
Synne Vo har teke Musikk-Noreg med storm, og det er ikkje utan grunn! Med hitlåtar som «Lykke te», «MVH» og «Heime» i bagasjen, ein solid dose sjarm og ei speleglede som smittar raskare enn bygdesladder, er ho klar for å laga skikkeleg liv og røra på Bygdalarm!
Denna damo veit nemleg korleis ein lagar FEST! 🎶
Sidan debuten i 2018 har gudbrandsdølen gått frå lovande nykomar til å verta ein av landets mest ettertrakta liveartistar. Debutalbumet «Kanskje det går te helvete» frå 2024 hausta seksarar på terningen, og i 2026 sjarmerte ho heile Noreg gjennom TV-skjermen i «Hver gang vi møtes».
Men Synne treng korkje TV-kamera eller terningkast for å få folk med seg. Med sterke låtar, stor musikalitet og ei heilt eiga evne til å koma tett på publikum, leverer ho konsertar som både treff midt i hjarterota og rett i dansefoten!
Me spår allsang, gåsehud og eit sabla godt kalas når Synne Vo entrar scena på Bygdalarm 2027! 🪩
Lykke te? Nei, dette vert LYKKE PÅ BYGDA! 💛💚