LittLarm laurdag 6. juli
kan DU gjendikta Paul Simon til nynorsk?
“Bru over trøblete vatn”
Bru mellom ulike språk kan vera like trøblete som tilhøva som blir skildra i Bridge over troubled water – som IKKJE er skriven av Simon & Garfunkel, men eine og åleina Paul Simon. Klassikarane står i kø om ein finn fram platesamlinga og leiter gjennom Simon & Garfunkel-albuma og soloplatene til Paul Simon, og det er nett sistnemnde som no skal heidrast på nynorsk. Frå mrs Robinson til han du kan kalla Al – det er nok å ta av, og no har me allereie vist at «bru over trøblete vatn» ikkje nødvendigvis funkar, så stafettpinnen går vidare til DEG og dine kreative evner i den finaste og minst høgtidlege musikklyrikktevlinga LittLarm!
Frist for innsendt bidrag er 26. mai til littlarm@bygdalarm.no
LittLarm føregår laurdag 6. juli i Norheimsund.
Arrangert av Kvam Mållag i samarbeid med Bygdalarm.
Reglar:
Deltakarane får stor fridom. Bokstavtru omsetjing vil ikkje naudsynlegvis verte premiert. Det viktigaste er enten å fange opp stemninga og bodskapen i teksten, eller kanskje gje ein heilt ny vri og gjerne tilpassa norsk samtid.
Minst like mykje vekt vert lagd på at verselengder og rytmer er intakt, at flyten vert god, slik at sangen kan framførast nokolunde likt med orginalen.
Teksten skal vera nynorsk-basert eller på dialekt. Dersom han er på dialekt, set me pris på at dette er gjort mest mogleg gjennomført. Legg gjerne ved forklaringar.
Coverlåtar vert IKKJE vurderte, kun originale Paul Simon-tekstar (altså treng du ikkje prøva deg på Scarborough Fair).
Ein jury sett saman av forfattarar, musikarar og representantar frå arrangørane kårar ein vinnar og to delte andreplassar (basert på anonymisert lesing av bidraga) – dei tre vinnarlåtane vert alle framførte.
Ein har lov å levera maks 2 bidrag pr person.
Legg ved namn og kontaktinformasjon og originaltekst.
Premiar:
LittLarm er ei uhøgtideleg tevling, fyrst halden i 2010, som skal vera driven av kreativ glede ikkje gjeve premiar. I tillegg til å få gjendiktinga framført av husbandet, vil vinnaren av konkurransa få både heider og ære sovel eit dagspass til Bygdalarm.
Tidsfrist:
Teksten må vere arrangørane i hende innan 26. mai 2024.
Kontaktinformasjon: Send di gjendikting saman med originalteksten til littlarm@bygdalarm.no