5.–6. juli Norheimsund

Info

Arrangering og deltaking på festival er spanande, men krev store mengder planlegging og førebuing. Me vil gjera dette enklare både for deg som publikummar og for oss som arrangørar. Her kjem ein del praktisk informasjon for deg som har lyst å vera med på Bygdalarm.

Billettar

Du kan kjøpe billettar via Ticketco med å trykke på desse orda. Det vil også verta lagt ut eit avgrensa antal billettar for sal ved inngangen under arrangementet dersom me ikkje er utselde.

Prisar 2018 (inkl gebyr):

Festivalpass: 1455 kr
Heilaftan (utandørskonsertar og Klubblarm enten fredag eller laurdag): 845 kr
Eindags utan Klubblarm: 690 kr

Det er diverre ikkje mogleg å kjøpe billett til berre KlubbLarm.

Praktisk informasjon

Sjå opp, sjå fram, sjå på Kvam!
Norheimsund ligg idyllisk til på nordsida av Hardangerfjorden i Kvam Herad. Dersom du ikkje veit kor det ligg kan du søkja på kartsidene til www.gulesider.no. Sjølve festivalområdet ligg sentralt i Norheimsund, på nedsida av vegen eit par hundre meter i retning Tørvikbygd frå busshaldeplassen. Det vil vera godt synleg festivalhelga. 

Matservering
Me ynskjer eit lokalt tilsnitt på matprofilen! Det vert servert god lokalforankra mat på festivalområdet. Me baserer menyen på råvarer frå lokale leverandørar i heile Hardanger.

Vatn
Det vert sett ut stasjonar der ein kan forsyna seg av friskt vatn.

Aldersgrense
Det er 18 års aldersgrense på Bygdalarm. Dette er ei absolutt grense og me tillèt ingen under 18 år inn på festivalområdet.

Armband
For å koma inn på festivalområdet må du ha gyldig festivalarmband. Dette får du ved inngangen til festivalområdet mot å visa gyldig billett.

Opningstider/konsertstart
Porten til festivalområdet opnar kl 17.00 både fredag og laurdag. Fyrste band går på scena kl 18.00 presis. Grunna krava om offentleg ro er siste konsert ferdig kl 23.00 båe dagar. Samstundes opnar dørene i Klubblarm-lokala. Det vil verta god skilting mot desse under festivalhelga. Klubblarm stengjer kl 02.30.

Betaling
Me ber om at alle betalar med Vipps på årets festival! Søk på Bygdalarm, så kan du handle det du ynskjer medan du står i kø, og berre vise fram kvitteringa når du kjem fram. Det går an å betala med kort og kontantar om ein må.

Miljø
Me ynskjer å ha ein god miljøprofil på festivalområdet og vonar du kan bidra til det. Det vil verta utplassert fleire miljøstasjonar på festivalområdet og me set pris om publikum kan hjelpa til å halda området fritt for avfall.

Tryggleik
Til beste for både publikum og artistar har festivalen stor fokus på tryggleik. Eit stort lag av vakter vil til ei kvar tid vera på området. Dei ber gule vestar. Det lokale Røde Kors vil også vera representert, likeins politiet. Me gjer merksam på at det kan oppstå press framom scena. Me legg difor ned totalforbod mot stagediving og crowdsurfing.

Fylgjande ting er ikkje tillete å ta med inn på festivalområdet:
Paraply
Mat og drikke
Flasker og termosar
Grill (også eingongsgrill)
Knivar og andre skarpe/fårlege gjenstandar
Profesjonelt foto-, video- og lydopptaksutstyr
Hundar og andre kjæledyr
Campingutstyr (stolar, bord, telt etc.) 

Andre gjenstandar som av openberre grunnar ikkje bør medbringast på området. Bruk sunt bondevit!
Vesker og ryggsekker vil verta undersøkt ved inngangen, og forbodne gjenstandar vert konfiskert.

Fotografering
På Bygdalarm likar me å ta bilete av det flotte publikummet. Bygdalarm vil publisera bileta i eigne kanalar. I tillegg føreheld me oss retten til å dela bileta med våre samarbeidspartnarar som kan bruka bileta i relaterte Bygdalarm-samanhengar. Dersom du ikkje ynskjer å verta teken bilete av, ta kontakt med arrangør på førehand.

Overnattingstilbod

Bygdalarm har ikkje eigen festivalcamp. Men det er fleire overnatiingsmoglegheiter i området. Me samarbeider med Hardanger FeriesenterOddland Camping og Vågen rom- og hytteutleige om hytteleige. Dei ligg alle innan 5 km frå festivalområdet. I tillegg er Thon Hotell Sandven eit godt alternativ. 

Hardanger Feriesenter tilbyd også 25 rimelege teltplassar. Booking av desse skjer etter fyrstemann til mølla-prinsippet. Kontakt Feriesenteret direkte på tlf 98422424 eller straumpost feriesenter@gmail.com. Me oppmodar om å tinga på førehand for å sikra seg teltplass.

NB! Ver tidleg ute!

Reisemål Hardangerfjord og Visit Kvam har i tillegg godt oversyn både for hytter, hotell og camping. 

KONTAKT

Postadresse: Sandvenhagen 39, 5600 Norheimsund 

Styret:

Festivalsjef: Ida Sørheim, ida@bygdalarm.no , Tel: (0047) 92085054

Nestleiar og artistansvarleg: Siri Sandven Oma, siri@bygdalarm.no

Produsent/Teknisk ansvarleg: Alvin Vestrheim, alvin@bygdalarm.no

Operativ vakt- og områdesjef: Ole Dominicus Storaas Ones, ole@bygdalarm.no

Område- og bookinggruppeansvarleg: Tonje Helgheim, tonje@bygdalarm.no

Økonomiansvarleg: Ingvild Risnes Skeie, ingvild@bygdalarm.no

Frivilligansvarleg: Johanna Valland, johanna@bygdalarm.no

Booking: Kirsti Aksnes, kirsti@bygdalarm.no Tel: (0047) 452 43 491

Presseansvarleg: Maria Pile Svåsand, presse@bygdalarm.no Tel: (0047) 959 67 881

Lurkalarm

Lurkalarm er Bygdalarm sin trivelige versjon av Norseman – eit triathlon med fokus på friske, fysiske utfordringar i vestlandsk naturidyll, kombinert med enormt god stemning. Konkurransen er velegna for deg som likar kaldt vatn, motbakkesykling og springing i lett kupert terreng på mjukt underlag. Målet er å samle både dei aller seigaste så vel som dei aller blidaste. 

Triathlonet er ope for alle, og det er førstemann til mølla som sikrar seg plass blant dei 30 individuelle og dei 10 laga (3 per lag) som får plass. Vær kjapp på labben, då Lurkalarm dei siste åra har vore meir enn fulltekna. Me skil mellom damer og menn i individuell klasse, medan det i lagklassen er fritt fram for å mikse. Ein må ha eigen sykkel, samt eiga våtdrakt (valfritt) til symjinga.

Hovudvinsten er ein etterkvart særs tradisjonsrik og gjev linjelurk. Ein lurk er ein avskava bjørkekjepp og nettopp denne lurken er av sorten vandre-lurk som vinnaren sjølv må bera 1000 høgdemeter opp på fjellet Skrott før ein får rissa inn namnet sitt. Åstaden for seremonien er naturperla Breidablik. Riss-meister er Anton Froastad.

Trasé: Triathlonet startar med symjing i fjorden (omlag 150 meter) frå Øystesetranda til enden av fjøra nedanfor festivalområdet. Etter ein frisk start hiv ein seg på sykkelen og trakkar seg oppover asfalten (5 km langs Fitjedalsvegen) i retning Klypeleitet, som markerer starten på Sogestien og siste etappe. Frå Klypeleitet gjenstår 4 km springing på sti langs vestsida av Fitjedalsvatnet inn til målpassering på Fete innerst i Fitjadalen. Når alle 60 har passert måltreken vert det enkel matservering og utdeling diplom til alle utøvarane på Blekeld.

Tryggleik: Raude Krossen har mannskap på plass i båt på fjorden, samt i fylgjebil langs sykkeletappen. Under springinga har ein mannskap i løypa med enkelt fyrstehjelpsutstyr samt samband med RK. Me oppmodar alle til å ha med seg drikke på sykkeletappen. Langs springeetappen kan ein drikke av bekkar og det vert også delt ut drikke ved målgang.Innsjekk: I fjøra i Øystese frå kl 17.00 torsdag 5. juli 2018

Start: Kl 1800 presis frå fjøra i Øystese

Premiefest: Offisiell premieutdeling i Holmatun om kvelden. Her vert det kåring av ”Årets Lurk” og Årets Lurkalaug”. Det vert også quiz og servering av mat og drykk.

Pris:
kr 250,- per person
kr 600,- per lag.
Påmelding/billettkjøp finn du her.

Hardanger Åtgaum er arrangør av Lurkalarm 2018.
Her finn du hendinga på Facebook.

Soga

Bygdalarm vart arrangert fyrste gong 6. og 7.juli 2007. Ideen om ein musikkfestival i Hardanger hadde vore der lenge, og no vart det endeleg av. 

Arbeidstittelen var "Føling i floren". Tanken var å fylla eit kulturelt vakuum som har vore gjeldande i regionen ved å arrangera eit spenstig populærmusikkarrangement i storslagne omgjevnader. 

Om organisasjonen
Bygdalarm er skipa som ein frivillig organisasjon og er registrert i Brønnøysundregisteret med organisasjonsnummer 990 920 567. Utanom festivalen skipar me til konsertar av høg kvalitet gjennom heile året på ulike stader i Kvam.

Profil
Fenalår og deilegpop til folket! Musikalsk ynskjer me halda ein spissa profil og presentera ulike artistar med ulikt musikalsk uttrykk tett knytt opp mot sjangrane indiepop, rock, elektronika og funk. Me ynskjer fletta saman det beste innanfor urban populærmusikk med dei mest storslagne og rurale omgjevnadane på Vestlandet. Bygdalarm skal vera ein arena for så veletablerte artistar som nye. Totalt ynskjer me å skapa ei heilskapeleg konsertoppleving for publikum i uformelle og innhesja råmer. Samstundes legg me stor vekt på å syta for artistane sitt ve og vel slik at dei sit att med ei god festivaloppleving. Som vertskap for eit slikt arrangement har me fokus på tryggleik og nyttar store ressursar på det. I tillegg syter me for gode fasilitetar på festivalområdet med god og lokal matservering.

Artistliste tidlegare år

2015: http://bygdalarm.no/2015/program/
2014: http://bygdalarm.no/2014/program/
2013: http://bygdalarm.no/2013/program/
2012: http://bygdalarm.no/2012/program/
2011: http://bygdalarm.no/2011/program/
2010: http://bygdalarm.no/2010/program/

2009:
Ash (UK)
Melody Club (SWE)
Florence Valentin (SWE)
Side Brok
The School
Mammut (ISL)
Pony the Pirate
My Little Pony
DJ Asbjørn Slettemark
Across the Pond DJs (UK/N)
MAO
Funktioneers
Get Dancy!
Trondheim Elektroverksted
DJ Skatebård

2008:
Datarock
Superfamily
I`m from Barcelona (SWE)
Real Ones
Heros & Zeros
A Boy Named Sue feat Nan Espeseth
Professor Pez
Cats on Fire (FIN)
Gjerstad Funk- og Fiskarlag
The Foggy Few
DJ Sloppy Joe
Indiegranskauen

2007:
Odd Nordstoga
Dark Side of the Wall
Heidi Marie Vestrheim
Sgt Petter
Brut Boogaloo
Major Parkinson
Herr Nilsson
The Alexandria Quartet
Orbo & the Longshots
Esther
DJ Skatebård
DJ Brit Brastuff
DJ Draugen