KRISTI BRUD

Kristi brud har på kort tid etablert seg som eit av dei mest spennande banda i Noreg. Etter ein velsigna festivalturné i 2023 med gode tilbakemeldingar, har dei brukt seinsommaren på å fullføre debutalbumet sitt - signert mørke syntar, dommedagstrommer og ein klagemur av gitarar som vil gi banda evig liv.

Kristi Brud steig opp frå asken til det sagnomsuste bandet Hjerteslag som ei openberring av superfengande gitarrock, og består av fire opphavlege medlemmer frå bandet + Robert Jønnum og Per Elling Kobberstad. Debutsingelen "Spiller Ingen Rolle" fekk ei storslått mottaking og blir beskrive som eit drivande mesterverk med fengande pop-melodiar og allsong-tendensar, kledt i eit slør av bittert mørke. Teksten er nådelaus og ærleg, og antydar eit oppgjer eller eit punktum – og vegen vidare.

Debutplata "Alt er nytt" har fått strålande omtalar over heile fjøla, mellom anna 5-stjerners vurderingar i VG, BT, Aftenposten, og Klassekampen. Aftenposten kåra albumet til årets beste norske rockealbum, medan Klassekampen trakk plata fram som eit av årets beste album og kalla det "forbanna bra".

Omtalar om debutsingelen “Spiller Ingen Rolle”:

“Mørke gitarharmoniar, eit arrangement som berre veks og veks, og ei monumental avslutning med eit refreng som burde bli ein allsangfavoritt”

- NRK P3

“(…) rå energi og som oser av bitterhet. (…) så effektivt ordlagt, og orkestrert, i sin tragikomiske tonalitet: Et spor du både kan danse og tute til – en trøst og en oppkvikker. Et befriende hjertesukk fra et gammelt Hjerteslag.”

- TBA, om debutsingelen Spiller Ingen Rolle

“Er dette årets beste låt?”

- GAFFA, om debutsingelen Spiller Ingen Rolle

“Her får både tyngden og dynamikken som følger av bandets tre gitarer, utfolde seg, holdt sammen av et nokså anstendig refreng. Det er dog gitarharmoniene og de enkle, sylfrekke tekstene som er beholdningen her.”

- Bergens Tidende, om debutsingelen Spiller Ingen Rolle