Badnalarm 2023

Bandbilde av Naboen Min

Naboen min til Badnalarm i Løo på Bygdalarmplenen!

Laurdag 1. juli kl 13-14.  Open for alle !

Naboen min er eit band samansett av forfattar og låtskrivar Vegard Markhus, og produsent og multiinstrumentalist Bjørnar Sangolt. Med seg på laget har dei eit knippe erfarne musikarar som til dømes Geir Dahle og Thomas Gallatin, mellom anna med erfaring frå banda til Odd Nordstoga og Morten Abel. Prikken over i-en er likevel eit stjernelag av sprudlande born, som friskar opp songane med barnleg energi!

7. mai kom bandet Naboen min med ny musikk for store og små. Det rykande ferske albumet har fått namnet «Alt blir feil». Albumet består av nyskriven barnemusikk i eit landskap som spenner frå pop og rock til visesong og gospel. I tekstane vert humor og alvor kombinert gjennom ulike tema som ungar lett kan kjenne seg igjen i. Dei to første singlane, «Alt blir feil» og «Kom igjen ketchup», har allereie høg rotasjon på Radio Super.

I 2018 kom bandet Naboen Min ut med si debutplate «Rockesock», Plata er ei samling nyskrivne barnesongar, og har som mål å få ungar til å synge, danse, smile og le. Musikken på albumet spenner frå rock til viser, og ein kan òg finne inspirasjon frå både reggae og country. I tekstane, som er på nynorsk, finn ein både humor og alvor. -Ein får høyre om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Og om ein vil lære seg nokre gloser på romvesensk, er ein komen riktig stad!

Velkommen!

Forrige
Forrige

Nyhendebrev

Neste
Neste

KlubbLarm 2023: Løo og Straumen