EMBLA AND THE KARIDOTTERS

Embla og Karidottene vann Spellemannprisen i country for debutalbumet «Hello, I'm Embla». Dei har allereie sleppt to singlar frå det andre albumet deira, «Bad Influence» og «(I'll Never Love You) Like I Should», og meir musikk vert venta før sommaren.

Emblas karakteristiske, hese countryknekk, kompa av stjernespekkade The Karidotters, blander det tidlause countryuttrykket med noko rått og friskt. Kanskje det kjem av alles ulike bakgrunn frå andre band (Razika, Honningbarna, Sløtface, Slomosa, Aiming for Enrike). Dei får folk som ikkje likte country til å elske sjangeren, i tillegg til å tilfredsstille countrypolitiet.

«Allerede fra første låt både ser og høres de ut som en million dollars. Som seg hør og bør er det mye hjerte og smerte i tekstene til Embla og vi får servert et par morsomme anekdoter her og der. Du skal mislike country ganske sterkt for å ikke bli revet med av Embla and the Karidotters. Det er kvalitet i alle ledd og det leveres med en stor sjarm og utstråling», skreiv Musikknyheter om konserten deira på Øyafestivalen.

Du kan oppleve dei på Bygdalarm til sommaren, så no er det berre å kjenne sin besøkelsestid!

Omtalar av "Hello, I'm Embla" (album):