Bygdalarm avløysarlag treng fleire medlemer, og me treng di hjelp! Verv ein frivillig, so kan du vinna ein makalaus snopepåse med Bygdalarm-effektar!
Bygdalarm har utan tvil verdas beste, finaste, kjekkaste, drusnaste og flinkaste frivillige, og utan dei blir det ikkje festival. Veit du om nokon som hadde kledd ei grøn t-skjorte godt og passar perfekt til å vere taus eller dreng? Få dei til å melde seg som frivillig, og skriv dei namnet ditt i feltet for kommentar på skjemaet kan DU vinne påsen (men det skal vere nok effektar til å dele litt). Du kan altså verve folk sjølv om du allereie har meldt deg som frivillig sjølv.
Me treng frivillige til:
Opprigg onsdag-fredag før festivalen
Eit par nattevakter fredag til laurdag
Ei rekke jobbar under festivalen på laurdagen
Nedrigg søndag
Du kan verva så mange du vil fram til 1. juli, og me trekker blant alle som er skrivne inn - altså vert vinnarsjansen større for kvar person du vervar.
Som frivillig får du gratis inngang den dagen du ikkje jobbar (det vil sei gratis konsert med Alibiet, The Dogs, Moyka og Sondre Justad OG klubb!!), du får den legendariske dreng/taus-t-skjorta, du får digg mat og invitasjon til frivilligfesten på søndagen. I tillegg får du nye vener og kicket det er å vere med å lage verdas beste Bygdalarm.
Ikkje tenk på da, berre bli med!