8/7/2022

Takk for i år!

Bygdalarm 2022 er allereie ei veke inn i historiebøkene, takk for i år!

Gud bedre det var deilig å endeleg skipe festival igjen. Det var deilig å sjå våre fantastiske frivillige i sving, sjå festivalområdet ta form, nye hesjer, ny pisserenne, verdas beste back-stage område og ikkje minst ei euforisk folkemasse som har lengta etter Bygdalarmstemninga!


Takk til SKAAR som opna festivalen på mesterleg vis, takk til brenn. som skrudde opp eneriginivået på plenen til nivå 11, takk til Bigbang som leverte framifrå rock til bygdafolket, og takk til Lemaitre som satte fyr på eit heitt, sveitt og regnvått publikum fredags kveld!
På klubb Nistagato styrte Fashion Victims showet, på Klubb Tyst fekk folket dansbare tonar frå DJ Thomazi og på klubb Straumen vart euforisk klubbstemning servert av Bygdaboogie og verdas feitaste discokule!

Så var det den søkkvåte laurdagen, men jøss så bra det var!
Odd Nordstoga dundra seg rett inn i hjarta til Bygdalarmdebutantar, så vel som vår litt eldre garde, tusen takk til Odd for show!
Synne Vo følger opp med enormt bra melodiar, sing-along stemning og fin energi. Så er det dukafor Bergens-show; Emir tek scena med storm, tek stor plass og leverar publikumtrøkk og solid energi før kongen Laurs Vaular sat kruna på festivalen og leverar frå øvste hylle framføre eit søkkvått publikum inntulla i revna ponsjoar og deilig Bygdalarmstemning!

På Klubb Tyst fekk gjengen DJ Dottir sitt solide dansesett, JeJune som forøvrig vart plukka ut som årets "Vestlandssatsing" fylte klubb Nistagato, både live og med DJ sett! Discokula på Klubb straumen fekk denne kvelden besøk av Bygdaboogie si mannlege side, som leverte til kokepunkte på Straumen. Heitt, sveitt og ekte!

Kudos til samtelege som var med på å stable Bygdalarm 2022 på beina, somhaldt deg oppe gjennom helga, og fekk rydda det fint på plass igjen!

#bygdaelsk

 Foto: Håkon Tveit @tveitfoto