4/7/2021

Takk for i år!

Takk for i år, kjære bygdalarmarar!

Bygdalarm 2021 vart noko anna. Minilarm måtte til for å kunne ha festival, og mykje har vore annleis enn det pleier. Dette var året då plenen var fylt med stolar, då dansinga måtte haldast på eit langt mindre sprelsk nivå enn me skulle ynskje, då me ikkje kunne klemme og mingle med alle me ville. MEN det har også vore året då Jon Hjørnevik fekk oss til å rødme av drøye dikt, då car.pool og Slomosa fekk oss til å gape av musikkelsk, då brenn. hadde styrteritual, då Darling West fekk oss til å felle ei tåre over kor fin ein konsert kan bli, og då Odd Nordstoga (endelig!) fekk oss til å danse på stolane. Og så har det vore året då bygdaelsken har nådd nye høgder, for me må ha det beste publikumet som fins. Tusen tusen tusen tusen takk for at de skapar akkurat den same, magiske stemninga, sjølv i smittevernsrammer. Tusen takk til verdas beste tauser og drengar som lagar den nydelege festivalen vår, til sponsorane som støttar oss, til Øystesebygda som tok imot tilbakekomsten, til Hardangerfjord Hotel, som var den perfekte staden for minilarm! Me elskar dykk!!!

Neste år er me klare for koronafri festival!!! Då skal me danse, klemme, kline, herje, fjorda, fonna og fenalåra så tett me berre klarar. Gu kor me gler oss!!!!!