14/4/2021

Takk for i år!

Kjære fantastiske bygdalarmarar, tusen takk for i år!!!

Bygdalarm 2019 er historie, og for ei historie det blei!

Mens hesene blir tekne ned og traktoren fer med graset igjen, er me overvelda og enormt takksame for at de ville vere med oss i helga.

I år har me hatt utseld plen og ein stemning det går gjetord om langt utanfor kommunegrensene. Me har fått nytt kumlokk (!) av The Dogs, før dei sette fyr på publikum litt etterpå. Me blei sjarmert rett i senk av Moyka, og me fekk ein pangstart med Alibiet. Sondre Justad fekk oss alle til å kjenne at me ikkje er som dei andre, i eit show me kjem til å fortelje om til me blir oldeforeldre. Eva Weel Skram fekk tårene fram og fylte plenen i ein fei. Myra la lista skyhøgt for kor brennheit ein konsert kan bli. Boy Pablo, inkludert tidenes trommis Sigmund Vestrheim, var sjølve definisjonen på ein perfekt sommarfest. Og så kom Dubioza Kolektiv og skapte ein stemning og ein danseeufori me aldri har sett makan til. Me dansa og skrålte oss hese i Straumen og kasta alle hemningar i Nistagato. Det har vore eit eventyr!

Tusen millionar takk til alle som kom og festivala med oss, til alle dei hinsides flinke og nydelege tausene og drengane som fekk alt til å gå rundt, og til sponsorane som gjer det mogleg for oss å lage festival. Det er ikkje mogleg å finne ord for kor stor pris me set på dykk!

Me elskar dykk!!!