Bygdalarm 2018 er over, og gudlaste folk for ei oppleving! Me er heilt overvelda av kor mykje kjekke folk som fins! Stemningsbarometeret er sprengt og gledestårene renn framleis.
Tusen tusen takk til alle som kom og gjorde dette til verdas beste festivaloppleving, de er verdas finaste publikum. Tusen takk til alle sponsorar og støttespelarar som er med å gjere Bygdalarm mogleg. Og tusen tusen tusen takk til alle tauser og drengar som gjer det mogleg å arrangere festival. Me er så glad i dykk at me nesten sprekk! Og takk til vêrgudane, for dette blei heilt topp!
2018 var året då Bygdalarm fekk ny tomt, men stemninga og bygdaelsken er definitivt den same. Det har vore året då Kvelertak fekk oss til å kaste hemningane, då Silvana Imam sjarmerte oss i senk, då Hajk fekk fram publikumstårene, då Great News dansa oss inn i solnedgangen, då Hjerteslag fekk plenen til å snurre, då Mikhael Paskalev tapte i bordtennis, men vant scena, då of Montreal var best kledd og då Kjartan Lauritzen fekk det til å koke. Og ikkje minst var det året då me dansa resten av natta på klubb i Straumen og på gatefest i Nistagato. Det har vore som ein draum, og me er så himla klare for å gjere det igjen neste år!
Bygdaelsk til alle!