28/6/2022

Synne Vo spelar for dykk laurdagen!

Kjem Noregs nye popstjerne frå Gudbrandsdalen?

Synne Vo er 22 år, artist og låtskrivar frå Lesja i Gudbrandsdalen.

Med si sjarmerande dialekt formidlar ho kvardagslege tekstar i et organisk og fengjande lydbilete. Eit friskt pust på den norske popmusikk-scena og ein artist me kjem til å høyre mykje frå i framtida – og som kjem til å passe perfekt inn på Bygalarmplenen 2022!

Gler du deg no?!

#Bygdaelsk