28/6/2022

Odd Nordstoga opnar laurdagen!

Denne karen treng neppe nokon introduksjon for dei av dykk som finn vegen til bygdalarmplenen i sommar (men her kjem ein intro): kvinner og menn - me gjer dykk Odd Nordstoga!

Få maktar å skildre poesien i kvardagen slik som Odd Nordstoga klarar, utan at det nokon gong vert klisjefylt eller svulstig. Han syng om skogen, om høsten. Om å lengte tilbake til sommaren! Og om dagane som kom og gjekk. Han får oss til å dansa, sjølv om me ikkje kan det, og til å ville synga med av full hals om denne grisen som står og hylar.Det er aldri nokon tvil om at denne Odd lev for å spele for publikum, og det er jammen ikkje rart at publikum over heile landet har tatt ham til sitt bryst, både i høgtid og på fest. Og med seg på vegen, har han det storslåtte stjernelaget av musikarar her til lands.

Ein konsert med Odd Nordstoga føles rett og slett som ei vitamininnsprøytning, enten det er åleine, med fullt band, med andre musikalske gjestar, eller med strykeorkester.