28/3/2023

Michelle Ullestad til Bygdalarm

Michelle Ullestad kjem til Bygdalarm, og pop-nykommaren vil garantert levere på scenen i Hardanger!

Michelle har vore på radaren det siste året, som ein spanande nykommar i det norskspråklege popuniverset. Med hennar ærlege tolkningar og skildringar av livets mange utfordringar har ho hausta lovord i norsk presse. Frå hennar opptreden på Vill Vill Vest 2021 fekk ho følgjande skildring av kulturredaksjonen i BT:

«(..) ordene spyttes ut slik bare sangere med noe ekte på hjertet faktisk kan. Noen tørker en tåre, andre gnir bort gåsehuden (..) Michelle Ullestad fortjener all hypen hun kan få 6/6 hjerter!»

På bygdalarm-scene får du sjå og høyre eit låtskrivar-talent, med sterk formidlingsevne innbunden i elegant og fengjande pop med gode melodiar og tekstar.

Bygdalarm gler seg stort til å ta imot Michelle Ullestad!