14/4/2021

Lurkalarm

Torsdag før Bygdalarm betyr Lurkalarm! 25 individuelle deltakarar og 10 lag stilte på startstreken, og her får dei drusnaste kvinnene og karane verkeleg prøvd seg. Men når ein sym mot ei fonn som blenkjer i sola, så er det mest som eit postkort ein har hoppa inn i.

Lurkalarm er Bygdalarm sin trivelige versjon av Norseman – eit triathlon med fokus på friske, fysiske utfordringar i vestlandsk naturidyll, kombinert med enormt god stemning. Triatlonet startar med symjing i fjorden frå Øystesetranda, før ein hiv seg på sykkelen og trakkar seg oppover asfalten i retning Klypeleitet, som markerer starten på Sogestien og siste etappe. Frå Klypeleitet gjenstår 4 km springing på sti langs vestsida av Fitjedalsvatnet inn til målpassering på Fete inst i Fitjadalen. 

Vidare i helga vert det fleire moglegheiter til fysisk fostring og å nyte nydelege Kvam. Fredag går Bygdalaupet, eit kapplaup frå gamlatomta i Øystese til nyatomta i Norheimsund - via Torefjell. Laurdag er det Breidablik opp, eit legendarisk motbakkeløp.

Foto: Håkon Tveit.