14/4/2021

Lokallarm!

Laurdag klokka 13 er det Lokallarm på Haldeplassen i Norheimsund! GRATIS konsert med eit knippe nydelege artistar. 

Nyt sola, ein is og den beste sumarstemninga nord for ekvator til denne gjengen sin digge musikk:
Eli Gauden er artist frå Norheimsund. Musikken hennar er prega av norske viser og amerikansk folk. Ho syng med ei var, men direkte og ærleg stemme, og skapar ei avslappa atmosfære.

Specific Moments er basert i Bergen og består av 4 unge menn. Dei lagar intelligent og letthøyrd popmusikk, der fokuset ligg på det optimistiske og dansbare, uten at dei mistar seg sjølv i klisjèar.

Vivillain er eit bergensbasert band beståande av fem ivrige unge musikere. Bandet er kjent for sine eksplosive liveshow og fengande låtar. Dei har nyleg vunne både Emergenzafestivalen og Wacken Metal Battle Bergen. Singlane deira er godt likt både på nettet og på radio.

NEFTA LEE er ein jordnær, men kreativ artist frå Spania. Han skriv og spelar ein akustisk blanding av jazz, bossa, og rock, og slår til med originale, og folkevenlege coverlåtar. Bak si audmjuke haldning er han er ein skodespelar med masse humor og sjarm.