16/6/2023

LittLarm

Det er duka for dei vakraste, tøffaste, kulaste køntri-tonar under årets Bygdalarm! Dette skjer når LittLarm igjen riggar til den populære gjendiktingskonkurransen. Siste LittLarm i 2019 tok for seg Leonard Cohen og mottok rekordmange bidrag – kan The Man in Black møter The Coat of Many Colors mobilisera endå meir engasjement? Dei to c&w-royalitetane Dolly Parton og Johnny Cash har nådd eit enormt breitt publikum heilt sidan sekstitalet med sine tekstar fulle av samfunnsengasjement, kjærleik og harde tider – nok til å kanskje tåla gjendikting med norsk tilsnitt og ikkje minst nynorsk språkdrakt.

Tid: laurdag kl 15

Stad: Ungdomshallen

Inngang: 270 kr. (220 kr. for dei med festivalpass og mållagsmedlemmer)

Arrangørar: Kvam Mållag og Bygdalarm

Med støtte frå Hardanger Fartøyvernsenter, Folkeakademiet og Optima Produkter