LittLarm 2023: Kan DU gjendikta Dolly Parton eller Johnny Cash til nynorsk?
Det er duka for dei vakraste, tøffaste, kulaste køntri-tonar under årets Bygdalarm! Dette skjer når LittLarm igjen riggar til den populære gjendiktingskonkurransen. Siste LittLarm i 2019 tok for seg Leonard Cohen og mottok rekordmange bidrag. I år slår me til med våre store idol, Dolly Parton og Johnny Cash - The Man in Black møter The Coat of Many Colors!
Frist for innsendt bidrag er 1. juni til littlarm@bygdalarm.no
Arrangementet er laurdag 1. juli i Norheimsund.
Meir info om konkurransen:
Reglar:
-Deltakarane får stor fridom. Bokstavtru omsetjing vil ikkje naudsynlegvis verte premiert. Det viktigaste er å fange opp stemninga og bodskapen i teksten, og ein må gjerne tilpassa han til norsk samtid.
- Johnny Cash har gjort kjent songar som A Boy Named Sue og Ring of Fire, også slike vil bli godkjende til gjendikting. Det er derimot ikkje nok at ein av dei har laga coverversjonar (slik som Johnny Cash sin American-trilogi)
-Minst like mykje vekt vert lagd på at verselengder og rytmer er intakt, at flyten vert god, slik at sangen kan framførast nokolunde likt med orginalen.
-Teksten skal vere nynorsk-basert eller på dialekt. Dersom han er på dialekt, set me pris på at dette er gjort mest mogleg gjennomført. Legg gjerne ved forklaringar.
-Ein jury sett saman av forfattarar, musikarar og representantar frå arrangørane kårar ein vinnar og to delte andreplassar (basert på anonymisert lesing av bidraga) – dei tre vinnarlåtane vert alle framførte.
-Legg ved namn og kontaktinformasjon og originaltekst
Premiar:
I tillegg til å få gjendiktinga framført av husbandet, vil vinnaren av konkurransa få både heider og ære sovel eit dagspass til Bygdalarm.
Tidsfrist:
Teksten må vere arrangørane i hende innan 1. juni 2023.
Kontaktinformasjon:
Send di gjendikting saman med originalteksten til littlarm@bygdalarm.no
Arrangert i samarbeid med Kvam Mållag og Bygdalarm.