19/4/2023

Lekende Lett - KlubbLarm

Lekende Lett er årets vinnar av Vestlandssatsinga, og spelar på årets KlubbLarm!

Det er kav bergensk. Det er smart naivisme. Det er leikent. Og det er pokker så positivt! Frå

første til siste beat er du kvitt all kvardagsskit. Lekende Lett lokkar fram overskotet. Gir deg

helga. Og blankpussar sommarstemninga. Humor og alvor. Hjartesorg og kåthet. Versegod,

eit saleg sirkus av RnB, klubb og rap dundrar din veg. Både scena og salen einast i kjærleg

danserus. Slutt å ver så gravalvorleg! Ta leiken attende med Lekende Lett.

Lekende Lett slapp sin fyrste låt i 2016 (Kom å lag litt liv) og har sidan utforsket

skjeringspunktet mellom rnb, klubb og rap over ti singlar.

Med tekstar på kav bergensk, dum-smarte refreng, leikne og innovative produksjonar står

dei sjangermessig ålene i norsk musikkflora.

Kristian har ein omfattande musikalsk C.V og har b.la gjort seg bemerka som soloartist under navnet Stockhaus og med prog-new wave bandet Ungdomskulen.

Synne er utdanna og jobbar som fotograf og har tatt bileter av store delar av musikk-Bergen, hatt utstillingar og ressigert fleire musikkvideoar.