...og med det kjem dei også til Bygdalarm!
Logg: Laurdag 26.01.2019. Presis kl 22.00. Lokasjon: Arena, Leirvik sentrum. Ein
eksplosjon av dimensjonar vart innrapportert. Alle patruljar vart send. Dei vart møtt av ein
heil bygning i funky skaking. Eit publikum i sveitt groove. Og eit band så heitt at dei
patruljerande måtte hiva av seg og sno seg gyngande rundt i barissen. Siste tilbakemelding
mottatt var ein sjølvis av glinsande kroppar i upassande dans. Kriminell Kunst fillerista 100
Dagar!
Stavangerduoen Kriminell Kunst sitt musikalske bilete er eit massivt graffitiverk. Frå heile fargekartet. Hiphop
med feite rytmar, og refreng så uimotståelege at du syng med uansett. Dette er elegante
rap’arar med relevante triks. Lure flir, deileg driv, humor og eruptiv attitude.
Oppsiktsvekkande høg kvalitet på låtar, lyd, show og utførsel. I 2019 skal du ha med deg
minst ein festivalkonsert med denne gjengen! Og no, som vinnarar av Vestlandssatsinga 2019,
blir det ein heil bønsj festivalar på dei. Det er kriminelt bra, og det er kunst av frekkaste sort.
Kriminell Kunst kjem for å løfta haka di, og spraya deg i festivalfargar.
Vestlandssatsinga, med sitt utspring i 100 Dagar, er eit fantastisk talentbyggingsprosjekt. Her
samlast ein haug seriøse arrangørar seg rundt eit band ein ønsker å gi eit karriereløft. Desse
festivalane tilbyr totalt sett enormt viktig erfaring frå festivalspeling, honorar, og eit trailerlass
merksemd. CV-pimping delux! Og ikkje minst; dei får vist seg for eit svært og breitt
publikum sommaren igjennom. Ta Kriminell Kunst godt imot, dei kjem nemleg for å bli.
Med på Vestlandssatsinga 2019 er heiderlege: Malakoff, Musikkfest Stavanger, Utkant, Skral,
Tysnesfest, Mablis, Festidalen, Bygdalarm, Skånevik Bluesfestival, OmStock, Fest i Vest,
Den Festivalen i Vangen og Vikedal Rootsfestival.
(Tidlegare vinnarar er td Silja Sol, Yuma Sun, I am K, Tiebreaker, osb).