Klubb Straumen var kanskje den største snakkisen under Bygdalarm 2018. Kjøpesenterklubb med gigadiscokule og bygdalarmarar som tok oppmodinga om å danse søkkane av seg på blodig alvor var utan tvil ein god ide, og me gjentek sjølvsagt suksessen i år!
Både Bygdaboogie og Safritrio-duo kjem tilbake, og det betyr at me igjen skal danse til krampa tek oss, skrålesynge til stemma brest og kaste absolutt alle hemningar i skamlaus bygdaelskfest.