14/4/2021

Klubb i telt og kjøpesenter under Bygdalarm 2018!

Me er endeleg klare med Klubblarm-programmet, og tør påstå at det har vore verd å vente på! Herved er programmet komplett, og med 25 dagar att før det brakar laus, er det vel verd både salutt og kalas! 

Det vert to klubbar i år også: Klubb Nistagato er teltforlenginga av Naboen pub, og Klubb Straumen er i kjøpesenteret Straumen. Dette vert som ein skikkeleg heime-aleine-fest i dei områda av senteret som ikkje er butikklokale. Med lounge på parkeringsplassen og dansegolv i trappegangen. Me lovar ei klubbhending du aldri har sett liknande til i heile ditt liv!

Og til dei som skal skape stemninga og spele musikken: Fredag blir det høglytt godstemning når astronautbandet Romskip lagar fest på Klubb Nistagato. Festen fortset når Great News snurrar plater til langt på natt. I Klubb Straumen vil Safri Trio by på disco og rølp.

Laurdag vert det Bygdaboogie i Straumen: Etter ei årelang rekkje med suksessfulle Bunad - og Jolaboogies i by og bygd, held den ultimate dansehendinga fram med Bygdaboogie!

I teltet i Nistagato vil Shakanaka spele fyrst. Bergensduoen har allereie spelt på Bergenfest og Victoria, og fått ein seksar for låta Medisin i Bergens Tidende. Skranglete og deilig, få det med deg! Til slutt er det Multitati som får avslutte Bygdalarm 2018. Ho er mest kjend som artisten Miss Tati, men når ho tek på seg DJ-hatten og blir til Multitati spelar ho alt frå hip-hop, R&B og funk til disco og house. Deilig musikk for deilige menneske.

Dette er altså etter at Kvelertak, Silvana Imam, of Montreal, Hjerteslag, Great News, Hajk og Mikhael Paskalev og ei enorm overrasking laurdagen (jadå, me køyrer oss opp med hemmeleg hovudattraksjon – men lovar at det er verd det) har skapt heilt hinsides god stemning på sletta i Norheimsund. 

(Følg med seinare i dag for detaljerte tider og artistomtalar!)

Foto: Francisco Munoz