Hallo, alle dykk som har stått i kø på ein Kjartan Lauritzen-konsert og ikkje kome inn, no har de sjansen til å få han med dykk på verdas finaste scene!
Kjartan Lauritzen har på null komma svisj blitt heile Noregs nye rap-superhelt, og er ein ekte bygderappar frå Balestrand. Med breitt sognamål, mykje karisma og stort talent har han lagt verda for sine føter, og til no hatt over fem millionar straumingar berre av hitane Fredag og Havanna. Dette er utan tvil ein artist som er som skapt for Bygdalarm, og me for han!
Laurdag er dagen, og Bygdalarm er staden, dette vil du ikkje gå glipp av. Me kan lova eit show langt utanom det vanlege, og vil rå dykk til å pusse danseskona og starte kondisjonstreninga med det same.