JOA til Bygdalarm 2026!
«Med tæl, eigenart og heilt ville songpiper har JOA alle kvalitetane som trengst for å bli eit internasjonalt popnamn.»
Slik lydde meldingane etter at JOA spelte på by:Larm denne hausten.
JOA er artistprosjektet til 21 år gamle Johanna Skippervold frå Oslo – låtskrivar og musikar med eit sterkt uttrykk og ei heilt eiga stemme. Ho lagar ærleg, melodidriven og organisk pop, der nordiske låtskrivartradisjonar møter emosjonell presisjon, og der ho beveger seg uanstrengt mellom store popflater og nedstrippa, sår intimitet.
Etter ein sterk debut med EP-en Previous Problems, og med låta «A Little Kinder» A-lista på både NRK P3 og P1, er JOA no attende med EP-en Feelings You Don’t Say Out Loud.
Med dei to fyrste singlane «Lose You» og «Even If It’s a Lie» viser JOA korleis hjartesorg kan bli til uimotståeleg pop. «Lose You» er rå og sårbar, og fangar augneblinken når kjærleiken sakte glir bort, medan A-lista «Even If It’s a Lie» løftar energien med lysande gitarar og fengande hooks. Til saman gir låtane eit sterkt glimt av JOA sin modige, ærlege og umiddelbart minneverdige lyd – og peikar henne ut som ei av dei mest spennande nye stemmene i popmusikken akkurat no.