24/4/2023

Ingebjørg Bratland

Ingebjørg Bratland

Ingebjørg Bratland er knapt fylt 30 år, men ho er allereie kjent både nord og sør i vårt langstrakte land for si vakre røyst og eineståande formidlingsevne.

Karrieren hennar byrja i ung alder i folkemusikkmiljøet, men ho har bevega seg ut av dette og mot popverda– sjølv om låtane har eit tydeleg Bratlandsk særpreg. Ingebjørg har dei siste åra vore veldig aktiv på konsert-fronten og har turnert jamnleg med ulike prosjekt, mydlo anna med platene «Månesinn» i 2015, «Hjarteskjell» i 2017 og «Papirfly» i 2020, i tillegg til salmeprosjektet «Til Alle Tider» med Espen Lind i 2019 og juleprosjektet «Klokkene kallar» som bestod av ei EP og ei nydeleg jule-antologi gitt ut i samarbeid med Cappelen Damm på tampen av 2020.

Ingebjørg er nyfiken og oppsøkjande i sine musikkval, og det er godt synleg blant eit knippe av hennar mest kjende låtar, som er ei blanding av hennar eigne og tolkninga av andre sine låtar. Med låtar som «Jul i Svingen», «Ingen som du», «På avstand», «Fordi eg elskar deg», «Ljos», «Stjernene» med Lars Vaular, «Vintersong», «Bror», «Di Ingebjørg», har ho borra seg inn i den norske folkesjela. Live er ho ein fabelaktig formidlar, og ein konsert med Ingebjørg byr alltid på nydelege låtar ispedd lune anekdotar. Den miksen har gitt ho eit stort og entusiastisk publikum over heile landet i tillegg til over 63 millionar strømmingar på digitale plattformar og både gull- og platinatroféer for dei fysiske utgjevnadane sine.  

Meir info og full bio finn du på www.ingebjorgbratland.com