14/4/2021

Hallo, Myra!

Myra er mest sannsynlig den kulaste dama i landet, og sjølvsagt kjem ho til Bygdalarm! Det verkar som alt ho tek i blir til gull, Myra har fått meldarane til å juble og festivalbookarane til å slåst. Etter éin song spelte ho på By:Larm i 2017 til stormande jubel, same år gjesta ho Lars Vaular sin legendariske avslutningskonsert på Øya og året etter slo Dagsavisen fast at ho er dronninga av byen etter sin eigne konsert på same festival.

Med kviskrande rap, tekstar som flyg og blendande glimt i auga gjer Myra ein konsert til noko det går gjetord om. Samarbeidet med Lars Vaular på songen «Venter på deg», den digge sommarlåta «Lovey Dovey» og det herlige samarbeidet med Maya Vik på «Opplevelse og kos» er alle songar som tydeleg viser at Myra er ein artist å rekne med.

Gromartistar frå Bergen har gitt oss nokre av dei beste Bygdalarm-opplevingane gjennom tida, og dette vert soleklart ei ny ei. Myra eig scena, gjer både drengar og tauser mo i knea og gjer det eitt hundre prosent umogleg å ikkje bevege på kroppen.

Detta blir ein konsert for bygdebøkene, få den med deg!

Foto: Guro Sommer Værland