14/4/2021

Great News kjem til bygda!

Tre år etter at dei starta, har Great News verkeleg skapt seg eit namn. Dei tre karane frå Bergen er meistrar I å skape ei konsertstemning ein ikkje gløymer, og lovorda har hagla frå meldarane for både musikk og konsertar. I fjor spelte dei på Bergenfest, Øyafestivalen, og året før gav dei oss ein sumardraum av ein opptreden på Bygdalarm.

16. februar var endeleg debutplata klar, og igjen drog meldarane fram superlative. Dette vert definitivt ei oppleving me kjem til å leve lenge på. Me gler oss!