14/4/2021

Eva kjem, kjem du?

Eva Weel Skram kjem for å sjarmere oss til sommaren! Eva har blitt ein favorittartist for nokon og einkvar, og me skal synge saman til nydelege tonar frå scena.

Tekst på sogndalsmål har gjort Eva til ei superstjerne dei siste åra, frå julesong på barne-tv med «Selmas song» (me veit du kan den) til den nydelege og gripande «Berre la meg vær».  Eva eig scena på konsertane sine, og har saman med ektemann Thomas selt ut både Olavshallen, Grieghallen og Operaen.

Med både eigne og andre sine songar og med mykje glimt i auga, blir detta eit sumareventyr ein ikkje vil gå glipp av. Eit bedre bakteppe for ei sumarnatt i Hardanger skal ein leite lenge etter!