28/6/2022

Emir fyrer opp Meieritomta på laurdagen!

EMIR debuterte som soloartist for drøyt to år sidan, og hanka raskt inn Spellemann for debutalbumet «Mer av deg», inkl. låtar som «Faller», «Alltid» og «10 ting». Han markerte seg raskt i det urbane landskapet. 26-åringen fra Bergen har sidan då dominert klubb- og festivalscenar både åleine og med Sushi & Kobe, bl.a. på Roskilde, Øya og Kadetten med smekkfulle telt og kaotisk stemning.

I sitt eige live-sett lar han det være meir luft, men det mangler ikkje intensitet i EMIRs lyriske og musikalske univers. Bak kulissene har det også gått i høygir, der mesteparten av tida har vorte brukt i studio–og i 2019 dunka EMIR ut nok ei skjeve med ny musikk, sitt andre album "Det lille ingenting", det fortel han historiar frå dei siste to åra i livet sitt. Albumet er produsert av svenske Lucas Nord, som han óg jobba med på fyrste album, med unntak av Coucheron-produserte «Sidelinjen». På det åtte spor lange albumet finn me blant anna «Midnight Rave» ft. Arif, «Do or die» ft. OnklP, og «Forsvinner» ft.Lars Vaular.

EMIR inntek bygdalarmplenen med sitt urbane utrykk; og gjev bygda ein ei innblikk i kva som skjer det litt meir urbane livet.