DOBBELTGJENGER

Dobbeltgjenger er eit bergensbasert rockeband samansett av musikarar som òg har spelt med artistar som Wardruna, Hedda Mae og Nelly Moar. Musikken deira hentar inspirasjon frå eit breitt spekter – frå David Bowies artrock og Talking Heads sin drivande new wave til Tyler, The Creator sin alternative synthpop .

Resultatet er eit uttrykk som både er fargerikt og særeige. Dobbeltgjenger blandar det eksplosive og det sårbare, det rytmiske og det skeive – alltid med ein eklektisk nerve. For vokalist Vegard Wikne er musikken òg eit personleg prosjekt: ein stad for å bearbeide eigne erfaringar med psykisk helse.

Med fleire album bak seg, blant anna LimboheadSmooth Failing og det ferske The Twins, har bandet fått merksemd også utanfor Noreg. Kritikarar har omtalt musikken som original, variert og overraskande fengande. På Bygdalarm kan du vente deg eit band som ikkje følgjer ei oppskrift, men som heller finn sin eigen veg – i grenselandet mellom det dansbare og det forstyrrande


.

Forrige
Forrige

Prisauke 1. juni!

Neste
Neste

NIX AND THE NOTHINGS til Bygdalarm!