14/4/2021

Kva gjer me med Covid-19?

Kjære Bygdalarmarar

Me gjer alt me kan for å kunna arrangera Bygdalarm til sommaren.

Det er ingenting me heller vil enn å opna hesene for Bygdalarm nummer 13 til sommaren. Og dagdraumar om lekre festivalgjengarar i grøne t-skjorter og deilig musikk frå scena, får oss litt lettare gjennom karantenetida. Foreløpig jobbar me ut ifrå at det blir festival, og håpar av heile vårt grøne hjarte at me får invitere dykk alle til ein etterlengta fest etter ein tøff vår.

Men me verken kan eller vil lage festival om me ikkje veit at alle i publikum, avløysarlaget og blant artistane er både trygge og komfortable. Difor må me foreløpig berre vente og sjå an situasjonen,slik som så mange andre der ute. Så svaret på mange av spørsmåla er til no at me ikkje veit, men me føl nøye med på situasjonen og tek dei avgjerslene me måta ettersom retningslinjene frå lokale og nasjonale myndigheiter endrar seg.

Det me vert veldig glade for å sjå, er all den omtanken og den fantastiske dugnadshaldninga som er blant folk!  Om me alle no føl råd og retningslinjer til punkt og prikke, vil dette forhåpentlegvis vere over snart – sjølv om det vil vere vanskeleg ei stund. Det er få som slepp unna konsekvensane av den hersens koronaen, men om me berre støttar kvarandre, så blir det litt lettare.

Me kjem tilbake med meir informasjon så snart me veit meir sjølve. Ta vare på kvarandre imens, sjå ein konsert på nettet, høyr god musikk og mimr gjennom bygdalarmminna dine!

Hold det kaldt, og vask hendene!

Me elskar dykk alltid!