20/6/2021

Bygdalarm mini!

Det blir festivalsumar likevel!

Me gjev oss ikkje på tap. Det blir eit lite Bygdalarm, tross alt!

Bygdalarm kjem tilbake til Øystese og hotellhagen hjå Hardangerfjord hotel for minifestival! Det blir arrangement torsdag, fredag og laurdag den opprinnelege Bygdalarm-helga 1.-3. juli, og sjølv om det vert avgrensa med billettar, vert stemninga i kjent og kjær Bygdalarmånd og heilt på topp.

Musikk, fjord, fjell og fonnautsikt, det er til å verte lukkeleg av.  

Onsdag 23. juni klokka 12 kjem billettar i sal, då er det berre å hiva seg rundt! Billettane finn du her.

Me har 200 billettar til festivalområdet kvar dag, her er det max 3 billettar per person. I tillegg har me laga eit loungeområde der det er plass til eit avgrensa tal kohortar på 4 og 8 personar (må kjøpast saman).

Hardangerfjord Hotell har også eit knippe hotellrom med utsikt til festivalområdet. Desse kan bookast direkte frå hotellet, og ein kan sjå konsertane frå eigen balkong, men har ikkje tilgang til festivalområdet.

Bygdalarm gjer sitt aller beste for at flest mogleg skal kunne få med seg festivalen. Me følger sjølvsagt smittevernreglane nøye, og ein vil få tilviste plassar når ein kjem på festivalen. Det vil sei at du kan sitte med gjengen din, men de må vere gilde og verte sitjande.

#Sausidersmittevern