14/4/2021

Bruk Vipps, slepp kø!

Brukar du Vipps når du skal handle drykk og effektar, vil køen verte mindre og dagen betre!

I butikken vår vel du kva du vil ha, og kan betale allereie FØR du kjem i kassen!

Oppskrift:

Last ned vipps
Velg "betal" i menyen
Søk opp Bygdalarm 
Sjekk ut butikken vår der 
Vel varene dine
Trykk på "handlekurv"
Trykk "klar til å betale kr X" 
No får du opp ein kvittering som ein av dei herlege tausene/drengane i baren/effektsalet tek imot
Beløpet vert ikkje belasta før kvitteringen er aktivert 
Så snart kvitteringen er aktivert er den oppbrukt, så du må gjere dette kvar gong du skal handle.
OBS: ikkje kjøp drikkevarer og effektar på den same kvitteringen.

Hugs å lada telefonen før du kjem til festival! 

(slapp av - me tek framleis kort og kontant for dei som sver til det - men me trur og håpar at køen vil verta kortare for dei som brukar vipps!)