Laurdagskvelden blir det ein heidundrande fest! Dubioza Kolektiv lagar eit liv og ei røre som berre kan måle seg med ein skikkelig bygdafest, og då seier det seg sjølv at når dei spelar på Bygdalarm blir det perfekt!
Denne gjengen kjem frå Bosnia-Hercegovina og blei superstjerner i størsteparten av Aust-Europa allereie for 15 år sidan. Etter kvart har dei stort sett teke over både Europa og USA, og spelar til smikkfulle stadionar og på dei aller største festivalane. Fellesnemnaren på konsertane deira er fulle hus og overbegeistra tilbakemeldingar. Dette er kjent for å vere eit av verdas best live-band!
Musikken her er ei god blanding mellom alt frå hip hop til ska til elektronika – alltid med høgt tempo og bøtter og spann med energi. Bandet har blitt eit symbol for å tale makta midt imot, om det gjeld musikkindustrien, politikk eller religion, og dei gjer det i eit show som er så sprøtt, kjekt og unikt at du mest sannsynleg vil fortelje barneborna dine om det når den tid kjem. Me garanterar gangsperr på sundagen, adrenalinoverdose og noko av det kjekkaste du har vore med på.
Foto: Goran Lizdek