Alibiet startar heile festen fredag ettermiddag, og her er me verkeleg heilt i kjerna på Bygdalarm sitt hjarte med dansande flott deilegpop frå beste Vestland. Bergensbandet Alibiet er allereie lokale legendar, og då dei slapp den heimelaga debutplata «Lyset der eg bor» i haust, var BT over seg av begeistring. Dei seier dette er den verkelege lyden av Bergen, og sidan dei fleste som vitjar Bygdalarm har vore i bydn minst ein gong, er vel det noko me også kan like.
«Dristig og berusende bypop», kalla BT det vidare, men der må me faktisk sei oss ueinige, for detta er bygdeflott så det held. Med ein klingande nydeleg vokal så fresk som ein saft-is i sola, blir dette lett lyden av sumaren 2019. Det blir i alle fall lyden av ein drusedeileg start på Bygdalarm!
Foto: Eirik Ullebø Kopren