Teenage Fanclub

Hovudscene

Teenage Fanclub til Bygdalarm

Ah! Trollmennene frå Glasgow! Lyden av 90-talet for ein generasjon (no) godt vaksne indiekids. Nydelege tekstar pakka inn i geniale melodiar og harmoniar. Objektivt (subjektivt) sett eit av verdas deilegaste indieband.

På 15. årsjubileet får me eit solid gjenhøyr med Teenage Fanclub. Over ein periode på over 30 år har Teenage Fanclub levert platene: A Catholic Education, Bandwagonsque, Thirteen, Grand Prix, Songs From Northern Britain, Howdy!, Man Made, Shadows & Here - bandet har gått frå å vere ein indie underdog til å bli eit av Storbritannias mest elska cult-band.

Den siste plata Endless Arcade (2021) hausta ikkje stort anna enn gode tilbakemeldingar frå den Britiske pressa; “Magiske songar” Uncut 8/10, “40 minutt med fullopplada gitarmelodier og drivande rytmar para med poetisk lyrikk” DIY, “Tolv rå låter, både triste og strålande” Rock’n’Reel - 4 stjerner!

Det blir ikkje mindre enn enormt når Teenage Fanclub entrar scena på Bygdalarm 2023!