SKAAR

Hovudscene
18:00

Skaar til Bygdalarm, folkens!

Til Bygdalarmplenen tek SKAAR med seg hennar unike teft for melodiar, relaterbare tekstar, sterke vokal. Omslutta av vakker natur på Stord var ikkje Hilde Skaar redd for å skilje seg ut. Å utvikle seg frå Hilde Skaar til SKAAR som ein artist har vorte ei stor reise; mellom eit mangfald av stor påverknad og  mange meiningar frå andre mennesker om kva ho skulle gjere, mangla ho sin eigen retning. «Jeg måtte vokse opp, oppleve nye ting og tenke over hva jeg ønsket å gjøre med livet. Det var da jeg ble sterk og begynte å sette foten ned. Det var noe jeg måtte gjennom, og det har hjulpet meg siden», SKAAR.

Med eit sjølvbestemmande vesen dunka SKAAR inn snaue 12 millionar strømmingar på debutsingelen ‘Higher ground’, og har sidan den gong kome med ei rekkje EP’ar og singlar. Lydbilete er ekte, og låtane gjenspeglar den kjenslemessige berg- og dalbanen som ligg bak slike utgjevelsar. SKAAR tikkar boksar nok til å bli den heilt store indiepop-artisten – og me gler oss stort til å verte fanga av den ekte og stemningsfulle musikken SKAAR tek med seg til bygdalarmplenen.