Badnalarm: Silja Sol

12.00

Badnalarm 2022
Mikke Pus’ Dagbok @Silja Sol

Den 6. mars gav Silje ut sin fjerde fullengder «På Ekte» med siglane «Superkresen» og «Løgneren» som var å høyre i spelelistene til P3 og P13 kontinuerlig sidan hausten 2019. Der hennar to fyrste album «På Hjertet» og «Væremeh» hadde éin fot i visepoppen og éin vandrande mellom punk, pop og rock, er Silja sine to siste album «Ni Liv» (2017) og «På Ekste» alternativ syntpop med Silja sine kjente, kjære og særeigne tekstar. Silja Sol vant for «Ni Liv» óg ein velfortjent Spellemannpris i kategorien «Indie».

Framsyninga er bygga rundt dagboka til Mikke Pus, som stikk av heimefrå og skildrar reisa hans gjennom skog og over fjell, og alle skapningane han møter på vegen. Mikke sitt einaste ønskje er å finne vener som vil inkludere han i flokken deira. Med musikk og historiefortelling tar Silja Sol publikum med på ei engasjernade og fengslande reise.
Vel møtt til Badnalarm, der Silja Sol lagar god festival steminig for dei minste, mellomste og største!
Foto: Gunnbjørn Gunnarsdottir

Tid: Laurdag 2. juli kl 12.00
Stad: Haldeplassen i Norheimsund
Pris: GRATIS